onsdag 10. februar 2010

Emmanuel Mohn ville ikkje ha køyrt ned her heller!

Seig brøyting om dagen, vi venter på eit godt mildver for å få snøen homogenisert og stø. Tom K. slit seg oppover i solsteiken og laussnøen.
På neste biletet ser Tom opp mot ei linje som det ikkje har vore folk på, men eg ser føre meg ein Henrik eller Steinar eller Seth Morrison ned den ryggen der.
Kunne ha vore eit bra segment i ein film det, med ein 15-20 dropp nedover. Hadde vore flott å lagt inn nokre druge salto-mortalar, skruar, skinevling og baklengjes-skreiing og, om ein hadde vore lysten på slikt. Men ikkje denne karen, han held seg til god, gammaldags laussnøkøyring med eit og anna mislukka sprett no og då. Eg og Emmanuel Mohn.


Posted by Picasa

5 kommentarer:

  1. ser bra ut detta her!
    Atle

    SvarSlett
  2. Hei, eg høyrer topptur er kult. og er det dette det eg trenger for og være kul på tur i fjellet? eg skal også droppe 107 m ogzzå lizzom:
    (sitat)Det du MÅ ha av utsyr før du legg ut på topptur er etter mi meining: Snøskuffe, søkepinne, skredradio, også kjent som dei tre S'ane. Du kan evt. bytte ut dei tre gjenstandane over med recco-brikke, kostar mindre og Norrøna går god for det.
    Andre ting som er kjekt er topptursekk med periskop som pustar og helst med ABC-funksjon, altså snørasballong for dei uinnvidde. Du treng og skinner under skia(er ikkje heilt sikker på kva det heiter på norsk)skinnene bør ha wimp-strip i dette tilfellet.
    Ellers: Toppturskistavar med utløysarstropp og teleskop og store trinser, ei enorm dunjakke(fins masse kule), toppturbinding med gå-av-seg-sjølv funksjon, samme med skoa, dei kan godt ha gå-av-seg-sjølv funksjon og helst carbon overalt.



    Hehehe fabelaktig Bjørnar

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Åja, du føl med på FF-forum Håvard! Eg kunne ikkje dy meg, no syner det seg at denne karen var 14 år. Då vart eg litt raud i kjakane...
    Men gå-av-seg-sjølv funksjon- NOKON burde plukka opp den tykkjer eg. Teleskopiske og periskopiske helsingar.

    SvarSlett
  5. Hehe, ska no ha meg ein snørasballong eg..

    ja sitte no og sørfa litt her og der i påvente av at nokon snart får opp ein samlingsplass for heile sogneregionen på eteren her og då dukka de jo opp slike gullkorn som du serverte der :)

    men samlingsplass: der me kan få samla info om føre/turar/osv osv. de karane og norgesguidane,breogfjell, saman med andre aktive turgåarar skulle hatt ein plass kor vi utveksla info på njetet. litt sånn som romsdølingane.
    http://www.skiromsdal.no/

    eg har ikkje skills nok på web til og konstruere noke sånt, kunne ikkje de snakka med skisogn om hjelp til og få finansiert ein slik felles portal? om du er med meg på kva eg meiner.

    SvarSlett