fredag 21. desember 2012

God Jul til vinterNoreg


FimbulJostedal ynskjer alle ei god jul og håpar alle får så mykje eller lite snø dei vil ha!


Til lags åt alle kan ingen gjere, men snøen ligg i alle høve kvit over det meste av Noreg no. At snømengda er rimeleg konstant men ulikt fordelt over landet frå år til år er vel ein dryg påstand, men det er no som regel slik at snø på austlandet tyder mindre enn normalt her. Vi greier oss likevel godt som de ser på bileta frå Buskrednosi for to dagar sidan. Indre Sogn har omlag 70% av normalen i fjellet, men omlag like mykje som der det er mest i landet...


Snørapporten frå Jostedalen er; lite snø nede idalen, men godt med snø i fjellet. Det fører til at vi kan køyre til over 700moh i Vanndalen, og til Vigdalstølen. Skogane er det førebels lite snø i, og derfor er det bra å ha desse bomvegane i bakhand! Føret er godt med ein svært solid såle. Halleluja-pudderrapportane håpar vi å komme med over nyåret, men det er ein austleg trend i været også på langtidsvarselet. Det er likevel meldt omlag ein halv meter på 10-dagarsvarselet. På biletet under ser de Vangsen si solside.

Skredmessig er det grunn til å rope varsku, svake lag har bygd seg i snødekket, kollaps og lydar i snøen når ein går er sikre teikn på det. Pass på over 30grader bratt, med andre ord. Spesielt gjeld dette med værvarsel om snø og vind i jula. Snødekket tåler lite no, og treng eit mildvær for å "tilbakestillast til null."

Vi ventar på nysnø, i ventetida er det berre å gå på ski!


lørdag 24. november 2012

Snøskred i Vanndalen

No er vegen til Myri brøyta, det har vore veldig mildt og regna mykje i det siste, så gode bilar kan nok kanskje køyre lenger. Det tyder at snøen har trekt seg oppover, men godt med snø finn ein over 750meter i Vanndalen. Jostedalen Bygdelag brøyter vegen, og brukar omlag 50.000 i året på desse 350 høgdemeterane. I år såg det lenge mørkt ut i høve til brøytig, men det ser ut til å gå i orden førebels. Det er viktig at alle som brukar dette tilbodet er med og bidreg. Prisen i år er 50 kroner, og årskort vert truleg lagt ut på Jostedal Hotell snart. Akkurat no finnes det ikkje mange stadar i Indre Sogn der ein kan byrje å gå frå vegen på ski på ein normal måte, men i Vanndalen er det heilt greit med snø og ok skiføre.


Så litt om skred- tidleg sesong og lite snø tyder ikkje liten snøskredfare. I dag løyste skilauparar ut eit skred på 30 x 200 meter litt aust for normalvegen til Vangsen. Løysnekant opp i 50cm, 1 finger til 4 fingrar hardt, gliflata skare, rundt 0 grader. Brattaste punkt 45 pluss, i snitt 35 omlag. 
Snøen som gjekk var truleg innblåst i laupet av forrige døgn, og var ei ei leside til siste snøfall.  Ein skilaupar vart med i skredet, men lite energi/fart i skredet og små snøblokker gjorde det heile lite dramatisk. Likevel var det opp i 1,5 meter med snø i skredtunga, ikkje vanskeleg å verte nedgreven av så mykje snø. Skitur aleine eller om alle hadde rent samstundes kunne gjort situsjonen verre. På biletet ser ein skilauparen midt i langt nede.


Dette er hending nummer to med skredtekne skilauparar i år i Vanndalen så vidt vi veit. Det tyder ikkje at det er svært skredfarleg i år, tvert om tyder alt på at vi går mot eit normalt år i høve snøskred i høgfjellet. Men det seier oss noko om at ein faregrad på 1 likevel er plenty til å løysne snø og  å verte gravd ned av snø. 


Begge desse skredhendingane var i det vi kallar svært bratt terreng, over 40 grader. Ifølgje skredfareskalaen kan små skred løysast ut i svært bratt terreng ved stor tilleggslasting på skredfare 1. Det var to, kanskje tre, skilauparar som påverka snøen i henget når skreda gjekk. 

God tur i Vanndalen framover førjulstida!


lørdag 6. oktober 2012

Vinteren er i emning, og Fimbul er på veg ut av den langtekkelege sommardvalen! Følg med på facebook og nettsidene for kva vinteren har og by på til deg i år. Biletet er i frå september i år...