onsdag 21. oktober 2009

Twitter, anyone?

Følg skiføre, istilhøve og tullprat på http://twitter.com/Fimbuljostedal

torsdag 15. oktober 2009

Fine tilhøve på breen for isklatring. Her klatrar Arne Moe i artige formasjonar.
Posted by Picasa

fredag 9. oktober 2009





Skiturar til fjells i oktober er ikkje vanleg, sjølv ikkje i bygda under breen. Men no ligg det omlag 40cm på Vanndalsvatnet, og Martin har brøyta heilt til tippen, så då må ein på ski. I alle høve med slikt ver og føre som det var i dag. På videoen ser de korleis underlaget er, unngå kular på snøen for å seie det slik...Mot Vangsen såg det ikkje så bra ut, veret har stått frå vest og nord-vest og har ikkje lagt att mykje i nordsida på Vangsen. Det er nok andre turar som er betre i augneblinken. Ellers kan vi melde om faregrad 3 i høve til snøskred i sektor nord til sør-aust. Faktisk.

Oktobersnø i Jostedalen from Bjørnar Bjørhusdal on Vimeo.

Posted by Picasa

onsdag 7. oktober 2009


Mot Vanndalen i dag, Arve melder om 35cm med snø på Vanndalen, 1050m.o.h.
Posted by Picasa

tirsdag 6. oktober 2009

Her er eit bilete frå Krundalen 5. oktober i fjor.
Posted by Picasa

Snøen lavar ned















Slik ser det ut ved hovudkontoret til Fimbul akkurat no, og brøytebilen går i eit. Det ser ut som at buldresesongen er over...
Posted by Picasa