mandag 31. januar 2011

Alvor i Hemsedal

FimbulJostedal heldt skredkurs i Hemsedal i helga, her oppe i langfjella er skredfaren truande. To snøskred vart løyste av skilauparar i same området på kort tid. Den eine skreda vart varsla frå vår gruppe, då skilauparar vart observerte i bakken nokre minutt før skreda vart observert.
Dette førte til at ein aksjon vart sett i gang, og vi og skredkurset til Bre og Fjell som også var i området var tidleg inne på søk i skreda. Luftambulansen kom etterkvart, og hadde med lavinehund. Tunge, svære blokker på opp til 2x2 meter hadde sklidd på ei hard og isa bane, kollapsen hadde komme i rimen som hadde danna seg i botn av snødekket, kantkorna snø og rennsnø. Løysnekanten var over 2,5m på det tjukkaste, men skreda hadde vorte løyst ut frå tynnare snødekke i ei loside. Skreda var stygg og stor, 70x200m.
Dette vedvarande svake laget slit vi med i månadar enno, også på Vestlandet.

Etter noko detektivarbeid vart aksjonen avslutta, dei 4 skilauparane vart oppspora ved bilen sin på parkeringsplassen. Dei kunne bekrefte dei hadde løyst skreda og ingen andre var i henget då. 
Hadde desse ringt inn til politiet med ein gong kunne aksjonen vorte avverga.
http://www.nrk.no/nyheter/1.7485406




onsdag 19. januar 2011

Finfint

Over 800 er det flott snø- ingen vind i snøen i det heile i Jostedalen. Skredfaren er vi usikre på i høgda, men helga sitt skredkurs skal nok få klarheit i det...
Under 800 er regnskaren nedsnødd med omlag 10cm snø, skaren frys stadig fastare kvar dag. Det bryt lite i svingar, med andre ord.
Kvar er dette biletet teke?

mandag 17. januar 2011

Superheltsnø til fjellføre?

Superheltføret gjer alle til mini-Seth Morrisonar, alt kan hoppast og droppast utan konsekvensar. ( Så lenge skredvurderinga er gjort godt.) Regn nederst i dalen, men snøing frå 500m og opp gjer nok at vi finn det beste føret i fjellet no- i morgon går turen over skog og blautsnøgrensa for å sjekke tilhøva, det vert spanande å sjå korleis fjellet og snøen har endra seg dei siste dagane. Ellers vert det kaldare no, og det er meldt snø, vi har nok godt skiføre heilt ned til dalbotnen om eit par tre dagar.

Det er fint med ei naturleg pause. Her ser de Asbjørn i putedans.

fredag 14. januar 2011

Tivoliskiføret er trua!

Ein heidundrande fin periode på ski går no over i uvissa- eit mildver kjem inn på søndag og truar med regn. Uansett meldes det snø allereie på mandag att, så evt skare vil snøe ned kjapt.
Det kan verte regn eit stykkje opp, men vi veit jo at yr.no er litt generøse med varmegradane her i dalen.
Rennsnøen i botn har gått av seg sjølv grunna snølast mange stadar. No får ein kanskje berre kontakt med dei svake laga der snødekket er tynt? Uansett vil det nok gå eindel større skred på søndag, spesielt i fjellet i heng mellom 30 og 35 grader.
Uansett:
Vi satsar på ein halvmeter snø istadenfor regn!

mandag 10. januar 2011

Føret held i skogen, men er det vindpakka i fjellet?

Vi kom oss ikkje over skogen i dag, sterk vind i natt har ført mykje snø inn i lesider og truleg er skredfaren i desse henga stor men avtakande. Kanskje kjem ein seg over skoggrensa på torsdag, då er det meldt finare ver.

onsdag 5. januar 2011

Det er bra- men det vert betre

Etter fjorårets katastrofevinter i indre sogn såg vi mørkt på ein ny sesong utan skikkeleg skiføre etter lang kulde og turke i haust. Men no er det bra- sjølv om skredfaren er intenst høg, ein klar 4'ar.
Og med slike meldingar som på det andre biletet vert det nok betre og betre dag for dag, er det fare for.

mandag 3. januar 2011

Hinsides skredfarleg overalt

Skredfaren er så stor at det er reint latterleg. 20x40m skred utløyst i skogen på 120 meters avstand er ikkje kvardagskost. Skreda går på botn, 60-100cm djupe. Over skogen er det sterkare vindpakka lag som vil føre til større og meir øydeleggande skred, men som sannsynlegvis vil vere bittelitt vanskelegare å løyse ut.
På ein 400høgdemeters tur i dag løyste vi ut omlag 40 skred som kunne ha begreve ein person evt ført ein inni tre med ukjent konsekvens. Laussnøen lavar ned og freistar, men her er det om å gjere å halde tunga rett i munnen.
Vi anbefalar å halde seg langt unna kjende ruter som Vangsen eller Nonskard i Leirdalen. Vær skeptisk til sjølv dei mest brukte rutene framover. Stor avstand til bratte sider, det er fare for luftbårne skred med så mykje laussnø på toppen, og dei går langt og fort.