tirsdag 23. februar 2010

Oppkøyrt!

Vi er ikkje vande med at noko vert oppkøyrt her i dalen, men no er det så lenge sidan siste snøfall at vi må innrømme at nye oppoverspor snart må brøytast!



Posted by Picasa

mandag 22. februar 2010

søndag 21. februar 2010

Nokre dagar











Ein planleggjer turar etter været, men i det siste har dei bomma på vestlandsmeldingen. Eg og Roger planla å ta det med ro i dag, men så skein sola som ho var galen då vi keik ut vindauget- Det eine førde til det andre, og det tredje, og brått var vi ferdige med årets finaste tur. Flaks.



Posted by Picasa

lørdag 20. februar 2010

fredag 19. februar 2010

Det er altfor lite snø i år på Vestlandet. Det er ei sanning, det. Men er det nok? Å ja- bileta er ikkje frå i fjor eller forfjor, dei er i frå i dag. Og tel verkeleg snømengda på bakken så uhorveleg mykje for å få ein, eller mange, fine skiturar? Ser ikkje sånn ut gitt. Det er andre faktorar som er MINST like viktig.












Vi nemner i fleng:

-Ver. Mykje fint ver? Check...
-Sikt. Heng saman med veret, men: lite dis, skyer og snøing, god sikt. Check. Glime heiter det her framme når det er flatt lys, forresten.
-Snøkvalitet. Har vi hatt stort sett mjuk snø i år? STOR-CHECK!! Til og med for mjuk snø vil nokon seie, men det er jo berre å auke midtbreidda på skia for å løyse det problemet. Denne sundfrosne snøen krever svære ski og gode tuppar. Om nokon er i tvil er det betre hald i snøen over skoggrensa. Hugs: laussnø er kvalitet uansett, slush er 2.rangs-skiføre.
-Spor. Varer skispora lenge så ein slepp å slite seg ut på brøyting? Check, det snøar jo aldri... Det tyder at ein kjem potensielt kjem seg lengre på kortare tid. Spander forresten gjerne ein brus på den som brøyta skisporet du går i neste gong du er på Togga, Vangsen, Frudalshesten eller Lioksli. Eller enno betre: brøyt eit flott spor sjølv og tips vedkommande om det!
-Underlag. Er det såle i botn så skia ikkje botnar i stein og anna styggedom? Check- for så vidt, men her i dalen må ein enten lengre fram enn Gjerde eller over 500 for å ikkje botne. Sånn litt på sida: nokon burde ha kjøpt ei skifiksemaskin her i Sogn-













I gamle dagar var alt betre...då gjekk det an å gå på ski ja!
Tja, lat oss kike oss litt attende, om enn ikkje over skuldra:
Om ein tenker attende til 2007-2008 sesongen var det mykje snø, på det meste hadde vi 2m10cm på plenen her 200meter over havet, og i mars/april låg det 3,5m på 1000moh.
Men det var vanskeleg å komme seg til fjells den sesongen. Vi heldt oss stort sett i skogen heile vinteren, det snøa jo i eit sett. I tillegg gjekk snøinga denne sesongen ofte over i regn, eit typisk sydvest-fenomen, og det førte til tung og dårleg snø frå 200moh til omlag 400moh.
Det var med andre ord ein sone frå 400 til skogrensa som genrelt sett var bra. Det har vi sluppe unna i år. Ikkje ei plussgrad eller regndrope på 3-4mnd.


Til slutt, og mest til dei som klagar på lite snø: (Og då snakkar eg ikkje om frikøyringskonken i Sogndal, altså.)
Den som leitar vil finne, tenk nytt og kik deg rundt, det er jo skibakkar overalt!



Posted by Picasa

onsdag 17. februar 2010

Det er mest sutalaust når lausnøen ligg overalt. No byrjar sola å ta i sørvendte bakkar, og vi må finne terreng som peiker pittelitegrann austover eller vestover for upåvirka snø. I morgon; litt meir vest eller aust, i overimorgon meir igjen, og snart har vi berre att godsnøen på nordsidene! Så det er litt trist denne veka midt i februar når sola steiker, vinteren er på ein måte på hell når solskaren dukkar opp. Vi får trøste oss med at det er lettare å gå på skare enn i laussnø, iallefall. Men det er ikkje mykje til trøst...


Posted by Picasa
Øst meinte vi gjekk austover, men eg meinte vi gjekk nordover på veg til Molden, men vi gjekk ikkje normalvegen vel å merke.
Då vi ikkje hadde kompass eller kart å sjekke himmelretningane med, var det ikkje mykje vits å diskutere, spesielt sidan vi ikkje var sikre på kor mykje klokka var. Så lenge vi gjekk i oppoverbakke ville vi uansett ende opp ved varden, og det hende også.
Det var mest og best snø langs normalvegen, så der for vi nedatt der.



Posted by Picasa

lørdag 13. februar 2010

Skredkurs med Jon, Ingvill, Jonathan og Sander, idag på Vorfjellet i Engjadalen. Undervurdert område!

Posted by Picasa

onsdag 10. februar 2010

Emmanuel Mohn ville ikkje ha køyrt ned her heller!

Seig brøyting om dagen, vi venter på eit godt mildver for å få snøen homogenisert og stø. Tom K. slit seg oppover i solsteiken og laussnøen.
På neste biletet ser Tom opp mot ei linje som det ikkje har vore folk på, men eg ser føre meg ein Henrik eller Steinar eller Seth Morrison ned den ryggen der.
Kunne ha vore eit bra segment i ein film det, med ein 15-20 dropp nedover. Hadde vore flott å lagt inn nokre druge salto-mortalar, skruar, skinevling og baklengjes-skreiing og, om ein hadde vore lysten på slikt. Men ikkje denne karen, han held seg til god, gammaldags laussnøkøyring med eit og anna mislukka sprett no og då. Eg og Emmanuel Mohn.


Posted by Picasa

mandag 8. februar 2010

Breen kallar

Tuftebreen i skiftande ver, snøbyger og solflekker.
Josteins vanlege synsvinkel, men her er han fremst og brøyter laus sukkersnø med laussnø oppå.




















søndag 7. februar 2010

Rockerski, moderne eller gammaldags?

Rocker, eller lang, slak skitupp, er nok ikkje ei ny oppfinning. Berre sjå på desse skia, omlag 100 år gamle.
Dei er såkalla Jostedalski, er omlag 245cm lange, omlag 10cm breie på midten og smalnar av bakover, eller såkalla "pintail"...

Eg håpar at Onkel Olav kan komme med noko meir info om dei i kommentarfeltet etterkvart, då eg ikkje hugsar bla. kven som laga dei i si tid.
Sist dei var i bruk var sannsynlegvis på Røykjedalen, Per i Grov fortalde at desse skia tok han når det var mykje laussnø. Dei bar godt.
Det trur eg på, for det er ei rimeleg stiv ski, flex-mønsteret er omlag som ei moderne storfjellsski, altså stiv for fart og stabilitet, samstundes som tuppen startar svingen greit. Eg har ikkje prøvd dei enno, eg er litt redd for å knekke dei, men på ein dag med perfekt jamnt føre får vi teste gamleskia.

Rocka ski

Sol og snøbyger

Flott lys i Vetle Geisdalen i dag.











Trygve vurderer skredfaren, og meiner at det er greit.
















Og til slutt eit uskarpt køyrebilete i snørusk.

Isgrotta

På tur inn breadalen med Wendy og dei fem andre studentane frå Holland og Bergen

torsdag 4. februar 2010