fredag 14. januar 2011

Tivoliskiføret er trua!

Ein heidundrande fin periode på ski går no over i uvissa- eit mildver kjem inn på søndag og truar med regn. Uansett meldes det snø allereie på mandag att, så evt skare vil snøe ned kjapt.
Det kan verte regn eit stykkje opp, men vi veit jo at yr.no er litt generøse med varmegradane her i dalen.
Rennsnøen i botn har gått av seg sjølv grunna snølast mange stadar. No får ein kanskje berre kontakt med dei svake laga der snødekket er tynt? Uansett vil det nok gå eindel større skred på søndag, spesielt i fjellet i heng mellom 30 og 35 grader.
Uansett:
Vi satsar på ein halvmeter snø istadenfor regn!

mandag 10. januar 2011

Føret held i skogen, men er det vindpakka i fjellet?

Vi kom oss ikkje over skogen i dag, sterk vind i natt har ført mykje snø inn i lesider og truleg er skredfaren i desse henga stor men avtakande. Kanskje kjem ein seg over skoggrensa på torsdag, då er det meldt finare ver.

onsdag 5. januar 2011

Det er bra- men det vert betre

Etter fjorårets katastrofevinter i indre sogn såg vi mørkt på ein ny sesong utan skikkeleg skiføre etter lang kulde og turke i haust. Men no er det bra- sjølv om skredfaren er intenst høg, ein klar 4'ar.
Og med slike meldingar som på det andre biletet vert det nok betre og betre dag for dag, er det fare for.

mandag 3. januar 2011

Hinsides skredfarleg overalt

Skredfaren er så stor at det er reint latterleg. 20x40m skred utløyst i skogen på 120 meters avstand er ikkje kvardagskost. Skreda går på botn, 60-100cm djupe. Over skogen er det sterkare vindpakka lag som vil føre til større og meir øydeleggande skred, men som sannsynlegvis vil vere bittelitt vanskelegare å løyse ut.
På ein 400høgdemeters tur i dag løyste vi ut omlag 40 skred som kunne ha begreve ein person evt ført ein inni tre med ukjent konsekvens. Laussnøen lavar ned og freistar, men her er det om å gjere å halde tunga rett i munnen.
Vi anbefalar å halde seg langt unna kjende ruter som Vangsen eller Nonskard i Leirdalen. Vær skeptisk til sjølv dei mest brukte rutene framover. Stor avstand til bratte sider, det er fare for luftbårne skred med så mykje laussnø på toppen, og dei går langt og fort.

mandag 8. november 2010

Flott nytur i Jostedalen

Enkelte stadar kan det vere umogeleg å køyre på ski anna enn om hausten. Denne staden vert pepra av snøskred i laupet av vinteren, renna vert fylt opp med snø og gjer fallinja annleis. I dag var det opp i 2(!) meter med snø her og dritmoro.

fredag 5. november 2010

Fyrste turen min

Meir og betre enn forventa, føret kjem komplett med såle på utvalde høgder over havet, plenty med laussnø og humpeføre, om du ikkje finn plant underlag då! 35cm på 750, omlag 60-70cm i lesider frå 1100 omlag.


Glad gut


Fyste turen from Bjørnar Bjørhusdal on Vimeo.