lørdag 9. februar 2013

SGNskis med vener på Jostedalstur

I det mest brukte skiområdet i Jostedalen finst det sider og hamrar som dei færraste har ønt seg utover. Fimbul har hatt eit par turar med SGNskis og vener til det same området i vinter, og sjølv om mykje har vorte "opna" er det er mykje som står att å køyre. Ingen særleg skredproblematikk i dag, berre laussnøskred, eller sluff som brattkøyrarar seier. Skilt mot Espe og bomveg opp til Myri tek deg opp i denne solrike staden.

 Ryggrader

 Karlson på taket, karane frå Falkeblikk var med.

 Myking i mjuksnø, fekk laussnø i barten.



Inga straff å gå opp i slikt terreng.

 Fredrik Solnes Dahle og Marta frå Sverige! Marta køyrde eit av dei beste runna i dag.

 Vegard Nes goes big, then goes back up again. Then goes home.

 Ivar Løvik er fotogen

Fredrik i ein stor 360
Vegard Nes
Marta.                                          Ok då, i farta.


Myking fekk seg ein fyrstenedkøyring her.



Myking og Nes ser seg ut framtidige prosjekt i soldalen.

fredag 21. desember 2012

God Jul til vinterNoreg


FimbulJostedal ynskjer alle ei god jul og håpar alle får så mykje eller lite snø dei vil ha!


Til lags åt alle kan ingen gjere, men snøen ligg i alle høve kvit over det meste av Noreg no. At snømengda er rimeleg konstant men ulikt fordelt over landet frå år til år er vel ein dryg påstand, men det er no som regel slik at snø på austlandet tyder mindre enn normalt her. Vi greier oss likevel godt som de ser på bileta frå Buskrednosi for to dagar sidan. Indre Sogn har omlag 70% av normalen i fjellet, men omlag like mykje som der det er mest i landet...


Snørapporten frå Jostedalen er; lite snø nede idalen, men godt med snø i fjellet. Det fører til at vi kan køyre til over 700moh i Vanndalen, og til Vigdalstølen. Skogane er det førebels lite snø i, og derfor er det bra å ha desse bomvegane i bakhand! Føret er godt med ein svært solid såle. Halleluja-pudderrapportane håpar vi å komme med over nyåret, men det er ein austleg trend i været også på langtidsvarselet. Det er likevel meldt omlag ein halv meter på 10-dagarsvarselet. På biletet under ser de Vangsen si solside.

Skredmessig er det grunn til å rope varsku, svake lag har bygd seg i snødekket, kollaps og lydar i snøen når ein går er sikre teikn på det. Pass på over 30grader bratt, med andre ord. Spesielt gjeld dette med værvarsel om snø og vind i jula. Snødekket tåler lite no, og treng eit mildvær for å "tilbakestillast til null."

Vi ventar på nysnø, i ventetida er det berre å gå på ski!


lørdag 24. november 2012

Snøskred i Vanndalen

No er vegen til Myri brøyta, det har vore veldig mildt og regna mykje i det siste, så gode bilar kan nok kanskje køyre lenger. Det tyder at snøen har trekt seg oppover, men godt med snø finn ein over 750meter i Vanndalen. Jostedalen Bygdelag brøyter vegen, og brukar omlag 50.000 i året på desse 350 høgdemeterane. I år såg det lenge mørkt ut i høve til brøytig, men det ser ut til å gå i orden førebels. Det er viktig at alle som brukar dette tilbodet er med og bidreg. Prisen i år er 50 kroner, og årskort vert truleg lagt ut på Jostedal Hotell snart. Akkurat no finnes det ikkje mange stadar i Indre Sogn der ein kan byrje å gå frå vegen på ski på ein normal måte, men i Vanndalen er det heilt greit med snø og ok skiføre.


Så litt om skred- tidleg sesong og lite snø tyder ikkje liten snøskredfare. I dag løyste skilauparar ut eit skred på 30 x 200 meter litt aust for normalvegen til Vangsen. Løysnekant opp i 50cm, 1 finger til 4 fingrar hardt, gliflata skare, rundt 0 grader. Brattaste punkt 45 pluss, i snitt 35 omlag. 
Snøen som gjekk var truleg innblåst i laupet av forrige døgn, og var ei ei leside til siste snøfall.  Ein skilaupar vart med i skredet, men lite energi/fart i skredet og små snøblokker gjorde det heile lite dramatisk. Likevel var det opp i 1,5 meter med snø i skredtunga, ikkje vanskeleg å verte nedgreven av så mykje snø. Skitur aleine eller om alle hadde rent samstundes kunne gjort situsjonen verre. På biletet ser ein skilauparen midt i langt nede.


Dette er hending nummer to med skredtekne skilauparar i år i Vanndalen så vidt vi veit. Det tyder ikkje at det er svært skredfarleg i år, tvert om tyder alt på at vi går mot eit normalt år i høve snøskred i høgfjellet. Men det seier oss noko om at ein faregrad på 1 likevel er plenty til å løysne snø og  å verte gravd ned av snø. 


Begge desse skredhendingane var i det vi kallar svært bratt terreng, over 40 grader. Ifølgje skredfareskalaen kan små skred løysast ut i svært bratt terreng ved stor tilleggslasting på skredfare 1. Det var to, kanskje tre, skilauparar som påverka snøen i henget når skreda gjekk. 

God tur i Vanndalen framover førjulstida!


lørdag 6. oktober 2012

Vinteren er i emning, og Fimbul er på veg ut av den langtekkelege sommardvalen! Følg med på facebook og nettsidene for kva vinteren har og by på til deg i år. Biletet er i frå september i år...



onsdag 7. desember 2011

Adventstid i Indre Sogn

Du og du for ein sesongstart! Det er nesten vanskeleg å peike på noko med skiføret som var feil, og stabilt og fint snødekke.

onsdag 16. februar 2011

Tunge tak og anna snø

Det vert aldri keisamt å skreie i god snø- trur vi. Men ein kan jo verte lei bilete av folk som skreier, det er forståeleg. Så her kjem ein serie med bilete med feller på.







mandag 7. februar 2011

Skredfare? Gå rundt, snu- eller gå under...



Kåre finn vegen under skredhenget- veeldig elegant og trygt.

mandag 31. januar 2011

Alvor i Hemsedal

FimbulJostedal heldt skredkurs i Hemsedal i helga, her oppe i langfjella er skredfaren truande. To snøskred vart løyste av skilauparar i same området på kort tid. Den eine skreda vart varsla frå vår gruppe, då skilauparar vart observerte i bakken nokre minutt før skreda vart observert.
Dette førte til at ein aksjon vart sett i gang, og vi og skredkurset til Bre og Fjell som også var i området var tidleg inne på søk i skreda. Luftambulansen kom etterkvart, og hadde med lavinehund. Tunge, svære blokker på opp til 2x2 meter hadde sklidd på ei hard og isa bane, kollapsen hadde komme i rimen som hadde danna seg i botn av snødekket, kantkorna snø og rennsnø. Løysnekanten var over 2,5m på det tjukkaste, men skreda hadde vorte løyst ut frå tynnare snødekke i ei loside. Skreda var stygg og stor, 70x200m.
Dette vedvarande svake laget slit vi med i månadar enno, også på Vestlandet.

Etter noko detektivarbeid vart aksjonen avslutta, dei 4 skilauparane vart oppspora ved bilen sin på parkeringsplassen. Dei kunne bekrefte dei hadde løyst skreda og ingen andre var i henget då. 
Hadde desse ringt inn til politiet med ein gong kunne aksjonen vorte avverga.
http://www.nrk.no/nyheter/1.7485406




onsdag 19. januar 2011

Finfint

Over 800 er det flott snø- ingen vind i snøen i det heile i Jostedalen. Skredfaren er vi usikre på i høgda, men helga sitt skredkurs skal nok få klarheit i det...
Under 800 er regnskaren nedsnødd med omlag 10cm snø, skaren frys stadig fastare kvar dag. Det bryt lite i svingar, med andre ord.
Kvar er dette biletet teke?

mandag 17. januar 2011

Superheltsnø til fjellføre?

Superheltføret gjer alle til mini-Seth Morrisonar, alt kan hoppast og droppast utan konsekvensar. ( Så lenge skredvurderinga er gjort godt.) Regn nederst i dalen, men snøing frå 500m og opp gjer nok at vi finn det beste føret i fjellet no- i morgon går turen over skog og blautsnøgrensa for å sjekke tilhøva, det vert spanande å sjå korleis fjellet og snøen har endra seg dei siste dagane. Ellers vert det kaldare no, og det er meldt snø, vi har nok godt skiføre heilt ned til dalbotnen om eit par tre dagar.

Det er fint med ei naturleg pause. Her ser de Asbjørn i putedans.

fredag 14. januar 2011

Tivoliskiføret er trua!

Ein heidundrande fin periode på ski går no over i uvissa- eit mildver kjem inn på søndag og truar med regn. Uansett meldes det snø allereie på mandag att, så evt skare vil snøe ned kjapt.
Det kan verte regn eit stykkje opp, men vi veit jo at yr.no er litt generøse med varmegradane her i dalen.
Rennsnøen i botn har gått av seg sjølv grunna snølast mange stadar. No får ein kanskje berre kontakt med dei svake laga der snødekket er tynt? Uansett vil det nok gå eindel større skred på søndag, spesielt i fjellet i heng mellom 30 og 35 grader.
Uansett:
Vi satsar på ein halvmeter snø istadenfor regn!

mandag 10. januar 2011

Føret held i skogen, men er det vindpakka i fjellet?

Vi kom oss ikkje over skogen i dag, sterk vind i natt har ført mykje snø inn i lesider og truleg er skredfaren i desse henga stor men avtakande. Kanskje kjem ein seg over skoggrensa på torsdag, då er det meldt finare ver.