søndag 21. mars 2010

Svært høg skredfare- gå aldri dit.

Eit kjempeskred tok med seg heile sida under "super-bowlen" på Vangsen i dag. Skreda vart fjernutløyst frå toppen, vi var omlag 20 meter frå nærmaste løysnekant. Skreda sopte seg ned absolutt heile fjellsida, men gjekk ikkje over oppoversporet vårt, vi gjekk eit svært konservativt spor i dag. Skreda vart til slutt omlag 500 meter brei, og løysnekanten var opp i ca 1 meter tjukk. Den gjekk nesten heilt på bakken, og danna lite blokker, stort sett laus og fuktig snø. Aldri har nokon sett ei slik skrede i Vanndalen?

Så lenge det er mildt er skredfaren ekstrem om dagen, ting går større og lengre enn nokon har sett. Dette gjeld då skilauparutløyste skred. God tur.


Megaskred på Vangsen from Bjørnar Bjørhusdal on Vimeo.


3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. prøver igjenn, har lest teksten nu!. verdens største skred i vanndalen. Skulle gjerne ha sett det. Husk skredhandsker!

    SvarSlett
  3. Det spesielle i år er at vi har hatt en god gammeldags vinter med kulde og tørr snø. Kulda skaper vedvarende svake lag i snøen, og mangel av mildvær gjør at forholdene ikke stabiliseres (før nå?). Slik lagdeling gjør også at skredene sprer seg mer sideveis, og det kan løsne i en forsenkning og ”spre seg 1 km sideveis”. Det gjør vedvarende svake lag (rim, kantkorn, beger) ekstra farlige.

    SvarSlett