tirsdag 30. mars 2010

Skred tok snowboardar i Vetle Geisdalen

Vi var oppe og keik på skredet som vart utløyst av ein snowboardar(?) forrige veke. Skreda hadde som dei fleste andre skred om dagen gått heilt på bakken. Mykje stein som stikk opp gjer sjansen for å gå uskadd ut av ei slik snøskrede liten.
Vi grov litt i snøen på 1100moh i dag, det svake rennsnølaget eksisterer i stor grad fortsatt. Pass ekstra godt på etter milde netter, då får ikkje snødekket tid til å stabilisere seg i det heile. Det er fortsatt unormalt stor skredfare i fjellet, sjølv etter kalde netter.




Snøskrekken er framleis til stades from Bjørnar Bjørhusdal on Vimeo.

4 kommentarer:

  1. Gjekk heldigvis bra med karen, skalv godt når han kom ned på myri..hadde vist flytet oppå skredet med brettet sitt, hadde antagelig ikke gått bra med ski på bena...brettet fikk og brudd av stein...

    SvarSlett
  2. ja men de kan holde dikka haima.

    SvarSlett
  3. Hei, kan du fortelle litt meir om skredet, størrelse, brattheit i terrenget, himmelretning, tjuknad på snø?
    ser der er løyst ut mykje rundt om på "uvanlege" plassar no. sjekk vegard sine bileter
    http://vegardve.blogspot.com/

    SvarSlett
  4. Ja, har sett på bloggen til Vegard. Ikkje uventa etter denne spesielle vinteren med lite snø og mykje kulde.
    Skredene som har gått siste veka er i alle himmelretningar, dvs ikkje avhengig av å verte utløyst av solpåvirking, sjølv om det også "hjelper". Jamfør skred i nordsida på Blåfjell som du ser frå Fjærlandsvegen. Om det er skiluparar i biletet her er jo ikkje uaktuelt. Har sett hundar på 15kg kollapse snødekket om dagen.
    Brattleik i denne aktuelle skreda er gjerne ein snittvinkel på 35 grader med brattaste heng over 40. Skred kan fjernutløysast frå flatmark om dagen, forøvrig.Tjukkelsen på snødekket i denne skreda; 50-70cm, omlag 30m breitt, 70m langt.
    Sjukt dårlege tilhøve i bratta, å gå klassikarane under 30grader er nok aller best når ein likevel må ut...Pass på aukande skredfare ovanifrå, dvs mest aktuelt soloppvarming, men og temp. og vindtransport.

    SvarSlett