Skiturar til fjells i oktober er ikkje vanleg, sjølv ikkje i bygda under breen. Men no ligg det omlag 40cm på Vanndalsvatnet, og Martin har brøyta heilt til tippen, så då må ein på ski. I alle høve med slikt ver og føre som det var i dag. På videoen ser de korleis underlaget er, unngå kular på snøen for å seie det slik...Mot Vangsen såg det ikkje så bra ut, veret har stått frå vest og nord-vest og har ikkje lagt att mykje i nordsida på Vangsen. Det er nok andre turar som er betre i augneblinken. Ellers kan vi melde om faregrad 3 i høve til snøskred i sektor nord til sør-aust. Faktisk.
Oktobersnø i Jostedalen from Bjørnar Bjørhusdal on Vimeo.
Godt man sidder i byen, sommervær ute... Hvem gider på ski!
SvarSlettRune
Flott Rune, keep telling yourself this, over and over ad over again...
SvarSlettKvar exactly er dette?
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettMyrhønna, i Vanndalen.
SvarSlettNam nam!
SvarSlettTakk for bra oppdateringer om føre. Kommer akuratt hjem fra skitur på samme sted. Finnes det noe bedre?
SvarSlettGjer nok det, men inneber kanskje anmarsj-
SvarSlettDårlig timing! Trudde snøen fyrst kom når eg var heime at. Må berre innom å kaste dykkerutstyret inn i kjellaren og finne feller og grasski.
SvarSlett