No er vegen til Myri brøyta, det har vore veldig mildt og regna mykje i det siste, så gode bilar kan nok kanskje køyre lenger. Det tyder at snøen har trekt seg oppover, men godt med snø finn ein over 750meter i Vanndalen. Jostedalen Bygdelag brøyter vegen, og brukar omlag 50.000 i året på desse 350 høgdemeterane. I år såg det lenge mørkt ut i høve til brøytig, men det ser ut til å gå i orden førebels. Det er viktig at alle som brukar dette tilbodet er med og bidreg. Prisen i år er 50 kroner, og årskort vert truleg lagt ut på Jostedal Hotell snart. Akkurat no finnes det ikkje mange stadar i Indre Sogn der ein kan byrje å gå frå vegen på ski på ein normal måte, men i Vanndalen er det heilt greit med snø og ok skiføre.
Så litt om skred- tidleg sesong og lite snø tyder ikkje liten snøskredfare. I dag løyste skilauparar ut eit skred på 30 x 200 meter litt aust for normalvegen til Vangsen. Løysnekant opp i 50cm, 1 finger til 4 fingrar hardt, gliflata skare, rundt 0 grader. Brattaste punkt 45 pluss, i snitt 35 omlag.
Snøen som gjekk var truleg innblåst i laupet av forrige døgn, og var ei ei leside til siste snøfall. Ein skilaupar vart med i skredet, men lite energi/fart i skredet og små snøblokker gjorde det heile lite dramatisk. Likevel var det opp i 1,5 meter med snø i skredtunga, ikkje vanskeleg å verte nedgreven av så mykje snø. Skitur aleine eller om alle hadde rent samstundes kunne gjort situsjonen verre. På biletet ser ein skilauparen midt i langt nede.
Dette er hending nummer to med skredtekne skilauparar i år i Vanndalen så vidt vi veit. Det tyder ikkje at det er svært skredfarleg i år, tvert om tyder alt på at vi går mot eit normalt år i høve snøskred i høgfjellet. Men det seier oss noko om at ein faregrad på 1 likevel er plenty til å løysne snø og å verte gravd ned av snø.
Begge desse skredhendingane var i det vi kallar svært bratt terreng, over 40 grader. Ifølgje skredfareskalaen kan små skred løysast ut i svært bratt terreng ved stor tilleggslasting på skredfare 1. Det var to, kanskje tre, skilauparar som påverka snøen i henget når skreda gjekk.
God tur i Vanndalen framover førjulstida!