onsdag 21. april 2010
mandag 19. april 2010
Laussnøen held
Berre litt skyer og genrelt låge temperaturar gjer at laussnøen held godt. Dei beste tilhøva i fjellet i år er NO!
søndag 18. april 2010
lørdag 17. april 2010
mandag 5. april 2010
Skavling i Leirdalen
Siste dag i påska med det finaste veret i den største skibakken i Noreg?
Det er iallefall god plass i Leirdalen til mange skispor enno, tilsaman hadde omlag 10 personar funne vegen til bakkane under Hest og Nonskard i dag. Vi fekk spadd oss gjennom skavlen ved breen, og trava vidare opp på Hest, det flotte fjellet som også vert nemd som Maurslukaren.
Laussnø av høg klasse i nord- og vestvendte heng, fin slush under omlag 700moh. Ein må rekne med kartongsnø eller skorpe ved feilval av hengretning under nedkøyringa... Lite tegn til ustabilitet, men det drønna godt i snødekket på toppen. Rennsnøen er tilstades over heile fjellet enno. Vi målte snødjupna: 230cm på 1200moh. Det seier litt om kva som er normalen her oppe på ein slik snøfattig vinter.
Skavling på Hest- påskefjell med stor H. For Hest. from Bjørnar Bjørhusdal on Vimeo.

lørdag 3. april 2010
Påskeafta på Hytta
Påskeafta i Jostedalen- Einar Blikra på Telemark from Bjørnar Bjørhusdal on Vimeo.
Det er berre å komme seg ut,støtt føre, skare med fin laussnø oppå.
Vi møtte ein del folk på vegen, dagens påskequiz er; kven er dette:
Abonner på:
Innlegg (Atom)