tirsdag 2. mars 2010

Villmannskøyring med helikopter i Vanndalen

Ein fin skitur til Åsaskaret i dag med Kåre, Atle og Erling utarta seg til det reinaste marerittet for ein fjellskilaupar.
Eit raudt helikopter dukka brått opp, slapp seg ned frå Snipphua sørvest for Vangsen, ned i Skåldalen omlag 50 meter over bakken. Helikopteret fortsette så opp til Åsaskaret, der det heldt ei høgde på omlag 15-20 meter over bakken. Istadenfor å ta høgde, slapp dei seg så lågt ned i Vanndalen.
Den neste herlige manøveren var å peise opp på Mannen, for så å stå der å hovre ei stund omlag 20meter over bakken. Denne hovringa blas opp ein god orkan der oppe, hadde det vore skilauparar der hadde helikopteret blåst dei ned i Geisdalen i verste fall. I beste fall hadde skilauparar som sat og koste seg med kvikklunsjen bak ein stein mista alt skiutsyret sitt.
Dette veit kanskje nokon noko om?

6 kommentarer:

  1. Dei var sikkert ute før å laga pudder til dikka...

    SvarSlett
  2. i så fald en misforstået håndsrekning. Jeg tipper det var et bygdefremmende tiltak - det ligger jo i menneskets natur å skyte seg sjølve i foten!

    SvarSlett
  3. Ja Kåre, eg har fått bekrefta at det sannsynlegvis var feilslått bygdeutvikling vi var vitne til i går. Om ein skyt seg sjølv i foten eller sagar av greina ein sit på er eit fett. Om ein betalar for å foten blåst av aller greina avsagd er det jo endå meir idiotisk.

    Men dette er jo berre rykter. Eg håpar at nokon som veit noko kan avkrefte eller bekrefte om det var ulovleg flyging. Hadde det vore ein snøskuter vi hadde observert i går var hadde sjoføren garantert vorte politimeldt iallefall. Men helikopter, det er jo så dyrt og flott og kjekt å sjå på!

    SvarSlett
  4. Kan det vera dette jaktlaget de såg?

    http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article5003840.ece

    SvarSlett
  5. Dersom jerven velger linjer på samme måte som friryttern kan dette jo være en mulighet.

    SvarSlett
  6. Trur de må gå meir i fjellet kara :-) få jaga vekk denne jerven

    SvarSlett