fredag 19. februar 2010

Det er altfor lite snø i år på Vestlandet. Det er ei sanning, det. Men er det nok? Å ja- bileta er ikkje frå i fjor eller forfjor, dei er i frå i dag. Og tel verkeleg snømengda på bakken så uhorveleg mykje for å få ein, eller mange, fine skiturar? Ser ikkje sånn ut gitt. Det er andre faktorar som er MINST like viktig.












Vi nemner i fleng:

-Ver. Mykje fint ver? Check...
-Sikt. Heng saman med veret, men: lite dis, skyer og snøing, god sikt. Check. Glime heiter det her framme når det er flatt lys, forresten.
-Snøkvalitet. Har vi hatt stort sett mjuk snø i år? STOR-CHECK!! Til og med for mjuk snø vil nokon seie, men det er jo berre å auke midtbreidda på skia for å løyse det problemet. Denne sundfrosne snøen krever svære ski og gode tuppar. Om nokon er i tvil er det betre hald i snøen over skoggrensa. Hugs: laussnø er kvalitet uansett, slush er 2.rangs-skiføre.
-Spor. Varer skispora lenge så ein slepp å slite seg ut på brøyting? Check, det snøar jo aldri... Det tyder at ein kjem potensielt kjem seg lengre på kortare tid. Spander forresten gjerne ein brus på den som brøyta skisporet du går i neste gong du er på Togga, Vangsen, Frudalshesten eller Lioksli. Eller enno betre: brøyt eit flott spor sjølv og tips vedkommande om det!
-Underlag. Er det såle i botn så skia ikkje botnar i stein og anna styggedom? Check- for så vidt, men her i dalen må ein enten lengre fram enn Gjerde eller over 500 for å ikkje botne. Sånn litt på sida: nokon burde ha kjøpt ei skifiksemaskin her i Sogn-













I gamle dagar var alt betre...då gjekk det an å gå på ski ja!
Tja, lat oss kike oss litt attende, om enn ikkje over skuldra:
Om ein tenker attende til 2007-2008 sesongen var det mykje snø, på det meste hadde vi 2m10cm på plenen her 200meter over havet, og i mars/april låg det 3,5m på 1000moh.
Men det var vanskeleg å komme seg til fjells den sesongen. Vi heldt oss stort sett i skogen heile vinteren, det snøa jo i eit sett. I tillegg gjekk snøinga denne sesongen ofte over i regn, eit typisk sydvest-fenomen, og det førte til tung og dårleg snø frå 200moh til omlag 400moh.
Det var med andre ord ein sone frå 400 til skogrensa som genrelt sett var bra. Det har vi sluppe unna i år. Ikkje ei plussgrad eller regndrope på 3-4mnd.


Til slutt, og mest til dei som klagar på lite snø: (Og då snakkar eg ikkje om frikøyringskonken i Sogndal, altså.)
Den som leitar vil finne, tenk nytt og kik deg rundt, det er jo skibakkar overalt!



Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar