fredag 18. desember 2009

Førjulsmoro


Sjølv om føret i nederste del av skogen let vente på seg er det likevel mogeleg å finne laussnøen i fjellet. Bak austaveret er det mykje bra føre, om det er beskytta i smådalar aller best. Det er ikkje superstabil snø, her i Jostedalen finn vi mykje sketchy skredsnø om dagen, og med denne kulden har vi nok ein rimeleg vedvarande skredfare. Kulden kan og føre til aukande skredfare der snødekket er tynt. Pass på både nordsider og austsider. Om ein berre vert immobilisert etter ein kort rutsjetur er det seriøst i minus 20, for ikkje å snakke om verre scenario. Men det er flott i fjellet- God juletur!

1 kommentar:

  1. Er ikkje rart at han fyren køyrer fort på ski når han vert jaga av eit slikt udyr!!

    SvarSlett